"CRY WOLF"-kjole i limegrønt og rosa, str L
Dette er ein morsom kjole i "knæsje" fargar- rosa og lime.
Bryststykket er rosa jerseystoff, frå MG-tyger. Ryggstykket er sydd av eit kult mønstra jerseystoff, frå ein ny topp. Ermene er limegrønt jerseystoff, frå ein ny gensar. Skjørtedelen er beige satinstoff med karrygule bomber, frå S&S.
Det er sydd på ein artig applikasjon på bryststykket. Der er det brukt same stoff som på ryggstykket. Deretter er det sydd på ein svart metall glidelås, kun funksjon som detalj på kjolen.
Kjolen har korte ermer og er fin som sommarkjole, men kan sjølvsagt brukast heile året:)
Str. L (42/44)
Lengde: 95 cm
Vask 40 grader
Mønster: mitt eige