REDESIGN DONGERISKJØRT, str S/M (ca 38)
Skjørtet er redesign, då det er sydd av dongeristoff frå 2 avlagte dongeribukser. Midtstykkene foran og bak er eit fargerikt bomull/polyesterstoff, frå JYSK (trur eg).
Skjørtet er sydd i 6 deler, og har fått rosa ribb, frå S&S, i livet.
På framsida av skjørtet er det sydd på tre blomar i raudt og turkise fargar.
På baksida er det applikert på ein turkis blome.
Skjørtet er fint å bruka som vår og haustskjørt med ei fargerik strømpebukse under. Eller som sommarskjørt med bare bein:)
Str. S/M (ca str 38) (skjørtet er litt smalt i livet)
Lengde: 52 cm (målt frå øvre ribb)
Mønster: mitt eige