GULT ER KULT-kjole, str L
Dette er ein fargesprakande kjole til ei fargesprakande jente:)
Kjolen er sydd av ulike materiale. Bryststykket er oransje stretch chenille med lilla prikkar, frå MG-tyger.
Ryggstykket er gjenbruksstoff frå ein fargerik vintage-kjole. Skjørtedelen er sydd av eit knallgult kraftig syntetisk vintagestoff, kjøpt på Fretex. Kjolen har fått ein appliksjon på skjørtedelens framside. Rosa kroklisse er sydd i bølger rundt skjørtekanten.
Ermene er sydd av eit stripete viskosejerseystoff, frå S&S, og rosa stretchblonde òg frå S&S.
Halskanten er kanta med rosa ribb, frå S&S.
Str. L (42/44)
Vask 40 grader
Mønster: mitt eige
PS Då kjolen er brukt 1 gong av underteikna, er prisen litt redusert.