GRÅ KANIN - kjole i ullfilt, 4-7 år
Kjole laga i rosa ullfilt - med applikasjonar i grå ullfilt .
Hekla med grått babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.
Lengd : 60 cm.
Brystvidde: 66 cm.
Kjole til veslesyster, og? Same kjolen finst i 50 cm lengde.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!