SVART KATT - kjole i ullfilt ,5-9 år
Kjole laga i raud ullfilt - med applikasjonar i svart ullfilt .
Hekla med svart babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.
Lengd : 66 cm.
Brystvidde: 69 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!