REDESIGN-KJOLE MED BLOMAR OG STJERNER, til redusert pris, str M/L
Dette er ein redesignkjole der eg har brukt ulikt stoffmateriale.
Overdelen er deler av ein dongeridress, der ermene er klipt av:)
Midtdelen er lilla stretch chenille med stjerner, og skjørtedelen har opprinneleg vore eit maxiskjørt frå 70-talet. Skjørtedelen er fòra med eit svart syntetisk stretchstoff.
Alvehetta er sydd av eit blått vintage sweatshirt-stoff, kjøpt på Fretex.
Str. ca M/L (40/42)
Då denne kjolen er brukt 3-4 gonger av underteikn, så er prisen redusert.