KJOLE MED PRIKKAR og SIRKLAR, str XL
Denne kjolen er sydd av ulike stoff.
Overdelen er sydd av lilla stretch chenille med gråe prikkar, frå MG-TYGER. Ermene er sydd av eit strikka stoff i lilla/sølv og gult,frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit grå/svart vintage stoff med sirklar, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er fòra med svart sportstretch-stoff.
Kjolen har ein rund applikasjon på framsida av kjolen.
Lilla ribb, frå S&S, på ermekantane.
Kjolen er fin å bruka med ein langerma topp inni, når hausten og vinteren set inn.
Str. XL (44/46)