Blå kval av gjenbruksull

Denne blå kvalen er sydd av gamle ullplagg. Den er fylt med vaska, karda ull og har detaljar av eit gjenbruksstoff i bomull på loffene. Augo er broderte i bomullsgarn. Den måler omlag 23 cm frå snute til haletipp og er 10 cm høg. Den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.

All gjenbruksull som er brukt i Blåbærleikene er laga av gamle ullplagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald. Ulla er vaska og karda, men pelsallergikarar bør vere merksame på at dei kan reagere.

Søkeord: hval, ulldyr, kosedyr, lekedyr


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 271668 | lagt til: 12.08.2011

kr 250,-

Flere produkter fra Ulldyr