"BLOMSTRETE BIL"-kjole, str. L/XL
Kjolen er sydd av ulikt materiale. Både gamalt og nytt stoff:)
Ermene har stoff frå ein gamal kjole, kjøpt på bruktbutikken. Bryst og ryggstykket er viskosejersey frå S&S. Skjørtedelen er eit ubrukt rutete "krimpelin"-stoff, kjøpt på Fretex.
Kjolen har fått ei raud kroklisse rundt skjørtekanten og det er applikert på ein morsom blomstrete bil både framme og bak på kjolen. (har brukt same stoff som i overdelen på kjolen) Dette for å "friske" opp det i utg.pkt litt kjedelege rutete stoffet:)
Dette blir ein frisk og flott kjole til hausten!
Str. L/XL (44/46) Strikk i halsopning og rundt ermekantane