FINEVERSPRIS, før 570,- . Stor og glad sommarveske i lin.
Veske sydd i lin med applikasjonar i bomull.
Framsida har 3 applikerte blomar og eit lite fivreld som lagar "flygespor" som held fram til baksida, dannar setninga "din tanke er fri" og endar i ein sommarfugl med flagrande vinger.
Botnen er vattert med firelags spesialinnlegg, så veska står med litt innhald.
Veska er vattert og fora.
Dobbel innerlomme, den eine med glidelås.
Øvst på foret er det ein kant som du kan snurpe saman.
Hankane held godt på fasongen; dei har eit plastrør på innsida.
Veska er vidare oppe enn nede.
Omkrins oppe: 117 cm.
Omkrins nede: 82 cm.
Botn: 32 cm x !3 cm.
Hankane er 65 cm lange.
(Ser du inn på "Min butikk" vil du sjå ei liknande veske i lime.)