Ullapengar I - pung
Pung i lin m/ applikert sauemotiv og frihandsbrodering/tekst ("ullapengarl") på baksida.
Vattert og fora.
Glidelåslukking.
Mål: 11cm x 11cm. Botn 3,5cm.
Eg elskar ordspel og ord/setningar med minst dobbel tyding.
Alle mine pungar har ei tekst på baksida som passar til illustrasjonen - samstundes som det har noko med "finans" å gjere; pengar, (s)katt, handel osb.
"Ullapengar" vart på Sunnmøre kalla dei pengane småbrukarkona fekk når ho selde ull. Det var ofte dei einaste kontantane ho hadde.