Redesignkjole med jungeldyr, str 42
Denne redesignkjolen er sydd av ein retrokjole kjøpt på Fretex. Toppen er ein ny lilla bomullstopp. Eg har applikert på ei løve på brystet. Og ei stripe med elefantar på rad og rekk på kanten nede på baksida av kjolen. Framme på skjørtedelen er det sydd på ei lomme av elefantstoffet.
Fargerik kjole for den fargeglade:)
Kjolen er brukt av underteikna 2-3 gonger
Vask 40 grader