Hårband
Strikka hårband til dame.
Hårbandet er strikka med ein tråd tynn alpakka og ein tråd babyull.
Det er større enn dei hårbanda som eg strikkar i Smart. Difor har eg sydd i to knappar, slik at det blir fint bak, sjølv om ein "strammar" det inn ein del.
Måten pannebandet er strikka på, gjer at det blir naturlege knappehol slik at ein kan forme det så stort eller lite som ein ynskjer.
Hårbandet kan også brukast som hals.