Hei
Eg har ikkje så god peiling på prising av smykker men eg trur nok ikkje du er for billig, i alle fall!
Når det gjeld bilder så har eg eit par kommentarar. Dette er generelle tips eg har plukka opp her og der som ikkje nødvendigvis berre er retta mot dine bilder, men kanskje du kan ha nytte av dei. Eg trur at bildene våre er det absolutt viktigaste med butikkane våre, dersom dei ikkje er bra nok vil ikkje varen selge.
-
Ta bilder utan blitz. Blitzlys gir flate og kjedelige bilder, og gjenskinnet av blitzen forstyrrar inntrykket av smykka. Det er mykje betre å bruke dagslys, lett overskya, då får du eit mjukt og fint lys som gjør det beste ut av varen.
-
Ha fleire bilder. Husk at bilda er den einaste måten kunden kan få eit inntrykk av varen din på, det er din jobb å passe på at dette inntrykket blir så bra som mogleg. Ta bilder frå ulike vinklar, gjerne detaljar, gjerne med smykka på eit menneske.
-
Jobb litt med bilda etterpå. Mange butikkar har litt grå og blasse bilder, eit par klikk i eit bilderedigeringsprogram kan gjøre underverker! Prøv feks picnik.com - det er utrulig enkelt og du treng ikkje installere noko programvare. Last opp bildet ditt, juster litt på kontrast og lysstyrke, test autofixen, prøv deg litt fram!
-
Er bilda dine framsideverdige? Er lys, kontrast, utsnitt bra nok til å havne på framsida? Følg med på bilder som er på framsida, sjå korleis dei er tatt, kva utsnitt som er brukt, osv. For at ein vare skal havna på framsida må bilda vere bra! Tenk på at bilda blir beskåre til kvadrat når dei visast i "liten" versjon, då er det ikkje alltid at utsnittet blir det beste. Det kan vere lurt å bruke kvadratisk format på hovudbilda dine, då sikrar du deg at utsnittet blir det same. Du kan lett beskjære bilda til kvadrat i eit redigeringsprogram, feks picnic som eg nevnte over.
Sjå og så Unni Strand sine glimrande tips.
Lukke til med butikken din!