Eg fekk ein reklamasjon frå ein kunde som opplevde at pakken frå meg var blitt ødelagt. Nokre bokser var blitt bulkete, og innhaldet ei ei flaske hadde rent ut. Eg hadde emballert pakken skikkelig godt, pakka alt inn, lagt oppi sånne isoporkuler og pakka det i ei stødig pappøskje. Kunden seier at det nesten såg ut som at noko hadde køyrt over pakken. Er det nokon som har vore borti noko lignande? Kva rettigheter har me? Har ikkje snakka med posten endå, tenkte eg ville høyre om nokon her hadde erfaringar.