Butikken min har frå starten av vore eit hobbyprosjekt, eg har laga dyr når eg har hatt tid og mulighet fordi eg syns det er trivelig. Responsen har vore god, og særlig no før jul opplevde eg bra salg og mange gode tilbakemeldingar, både på epla og ein julemarknad eg var med på. Resultatet er at eg no har lyst til å satse eit hakk høgare og drive litt meir profft (jada, i tillegg til jobb og to småungar...).
Og no er eg veldig i tvil om eg bør skifte navn på butikken. "Blåbær" seier jo egentlig ingenting om kva eg lagar, og særlig når eg møter folk ansikt til ansikt lurar dei på kva det egentlig betyr. Då har eg aldri noko godt svar. Ein annan ting er jo at eit ord med både å og æ er litt problematisk i forhold til nettside/url, adressa til eplabutikken blir feks blaabaer, og det er eg igrunnen ikkje heilt fortrolig med.
Så no treng eg litt innspel her, er det lurt eller dumt å bytte navn? Burde eg hatt eit navn som beskriver det eg lagar på eit eller anna vis? Eller er det betre å halde seg til det som er (litt) innarbeidd? Kva syns eplafolket?