Er er så lei av å lese sure innlegg med kritikk fra kremen her inne! Klart det kan vere ting her inne som irriterar, men eg tykjer at alle må passe på seg sjølv og ikkje slite seg ut på kva andre driv med. Eg har tiltru til at Epladamene har oversikt over kva som er 'godt nok' uansett.
Eg har sjølv mange smykker som eg 'berre' har montert (delar, anheng og kjede osv), noko eg har funne glede i ein lang periode med sjukdom. No har eg byrja å sjå videre og har byrja og videreutvikle meg litt. Ein må jo byrje ein stad...Det at eg hamna på Epla var ganske tilfeldig, og eg har hatt mange fine stunder m.h.t min eigen butikk og andre sine butikkar, fine tilbakemeldingar frå kundar, fredagsfavorittar osv. Men eg har også mange gongar vore på nippet til å slette heile butikken av di eg ikkje kjenner meg velkommen her. Det er mange ting på Epla som EG ikkje likar, MEN eg tykjer alikevel at det er hyggeleg å sjå at kundar likar desse tinga og at butikkane til andre går bra.
Som selgjarar må me som har butikk på Epla ha tiltru til kundane. Det er klart at dei ser forskjell på kva som er mest handlaga av ein kjole som er handsydd og eit 'montert smykke'.
Til opplysing, så har eg faktisk registrert sal utanfor Epla som sal her inne (og sendt dei til 'meg sjølv'), dette fordi eg er ein lojal butikkeigar som gjerne vil Epla sitt beste. Eg er også ivrig i markedsføringa av Epla.