kvardagsenglar

Namnet mitt er Wenche Haddal, og er busett i Ålesund. Eg har alltid hatt handverk av ymse slag som ein kjær hobby. Alle produkta er handlaga, og i eiga formgjeving.
Eg er med og med på Bondens Marked, og div. andre messer, då saman med systra mi - Elin Grethe Haddal - også kjend som Lappelina.
Også i år er eg ein av utstillarane i sommarbutikken Nilsbuda på Sæbø.
26.07. og 28.07.2014, stiller eg ut på Friluftsmessa i Hyen, Nordfjord.
Naturen er ei god inspirasjonskjelde, og det kjem nok fram i mykje av det eg lagar. Saueskinn og ull er dei råvarene eg nyttar mest. Eg lagar og gjerne på bestilling, so som sitteunderlag med namna til den eller dei som skal ha det.
Gå gjerne inn på FB sida mi - Kvardagsenglar, der ligg fleire av produkta mine. Har og utstilling og verkstad heime, som det er mulig å besøke.
Er det noko du har lyst å bestille, so ta kontakt på wenche.haddal@online.no, eller tlf 941-63456.

Privat oppgjer. Ta kontakt på E-post eller tlf. for kto.nr., og vara vert sendt når betalinga er registrert.

Produkter i kategorien Luer, votter og skjerf

kr 350,-