Haust

Om Haust

Alle varene i butikken min er laga av meg i røykfrie omgjevnader. Eg brukar mest nye materiale, men også enkelte resirkulerte frå loppemarked og gjenbruksbutikkar.

Betaling skjer via Paypal eller "privat oppgjør". Dersom du vel "privat oppgjør", sender eg deg ein epost med kontonummer, og du set pengane direkte på kontoen min. Pakken din vert sendt etter at pengane er registrert på kontoen min (det tar nokre få dagar). Dette tar altså litt lengre tid enn ved betaling via Paypal, som vert registrert umiddelbart.

Varene vert pakka pent inn saman med angrerettskjema og ein liten overaskelse til deg. Eg sender varene 1-4 dagar etter at betaling er mottatt.

Ta gjerne kontakt dersom du lurer på noko! :)