Blåbær
Om Blåbær
Eg prøver så langt det er mogleg å bruke resirkulerte materialer, eller materialer som er produsert på miljøvennleg vis. Eg er særleg glad i å bruke ull, og mange av produkta mine er laga av ullplagg som er vaska og tova i maskin. Dei mjuke leikene mine er fylt med vaska, karda ull frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Varene mine er handlaga, ofte av brukte tekstilar. Difor vil aldri eit produkt vere heilt perfekt, men det vil derimot ha eigenart og personlegdom. Hvis du ikkje er fornøyd med det du har kjøpt vil eg gjøre mitt beste for å rette det opp, og du har full returrett i 14 dagar.
Dersom ikkje anna er oppgitt, er alle modellane teikna og utvikla av meg. Dei er laga i eit røykfritt miljø, men eit og anna kattehår kan forekomme.
Eg sender ut varer så snart som mogleg etter at betalinga er mottatt, og prøver å bruke resirkulert emballasje så langt det er mogleg. Fordi tinga mine er ganske store blir også frakta relativt dyr, difor sender eg med B-post. Det tar litt lengre tid, men er også litt billigare. Kjøper du fleire ting blir sjølvsagt fraktutgiftene for kvar vare mindre, men dette kan vere vanskeleg å bedømme på førehand. Om det viser seg at du har betalt for mykje i frakt vil eg elltid betale tilbake det overskytande.
Eg kan også ta i mot spesialbestillingar. Har du eit gamalt yndlingsplagg du vil gi nytt liv? Er det nokre dyr du har eit spesielt nært forhold til? Ønsker du særskilte fargekombinasjonar? Ta gjerne kontakt, så kan me prøve å finne ut av det.

