Blome & Brakje

Blome & Brakje

Blome & Brakje er ei småskala vestlandsverksemd som produserer hudpleie og lys av ingrediensar av høg kvalitet frå plante og mineralriket. Så langt det lar seg gjere nyttar eg økologiske, kaldpressa og viltveksande råvarer i mine produkt. Ein del av ingrediensane er hausta lokalt her eg bur, som tang, groblad, nesle, geitemjølk, blomar, furu, gran og brakje (einer) for å nevne noko. Alt er handlaga av meg, sjølvsagt.

Verksemda er dedikert til bevisste forbrukarar og ein berekraftig livsstil, med ein tanke om at naturen skal kunne ta tilbake det som vert produsert. Produkta er biologisk nedbrytbare med nedbrytbar eller lett resirkulerbar emballasje. Eg lagar også berre små porsjonar om gongen for å halde produkta så ferske som mogleg.

Eg nyttar ikkje kjemisk framstilte konserveringsmiddel. Eg nyttar heller ikkje kunstig duft eller farge, silikon, mineraloljer, uetiske oljer eller andre ingrediansar som kan vere til skade for folk, flora og fauna.

Foreløpig betaling ved privat oppgjør. Send mail til ida.bjoerge@gmail.com, eller sms til 99249638.
Eg sender varene i løpet av 1-3 dager etter at betaling er registrert på konto.

Eg håper du nyt å bruke Blomar & Brakje sine produkt like mykje som eg nyt å lage dei for deg.

Hjarteleg,

Ida Kamilla Bjørge

Produkter


Stengt på ubestemt tid