Kvit hare av resirkulert ullfilt
Denne haren er sydd av ullplagg (60% lammeull, 30% angora og 10% nylon) som er vaska og tova i maskin. Angoraen gjør den ekstra god og mjuk å kose med!
Haren er fylt med vaska, karda ull og ansiktet er brodert i ullgarn. Den måler 23 cm frå snute til haletipp og er omlag 14 cm høg utanom øyrene. Den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.