Isbjørn av ullfilt
Denne isbjørnen er sydd av ny ullfilt (80% ull og 20% polyester) og fylt med vaska, karda ull. Øyra er sydde fast for hand med dobbel saum for best mogleg slitestyrke, og ansiktet er brodert i ullgarn.
Isbjørnen er 28 cm frå snute til rumpe, og 18 cm høg. Den kan vaskast for hand med ullvaskemiddel, gjerne som ein del av leiken! Isbjørnar er jo glade i isbad, og denne tar gjerne eit bad i såpevatn også…