Revemaske

Denne revemaska er sydd av tova ullstrikk. Den passar til barn frå 3-4-årsalderen og oppover til vaksen. Maska er fylt med ull, så den er godt polstra og mjuk mot ansiktet. Baksida er av økologisk bomull. Alle detaljar er sydd inn i saumane slik at maska er så solid og slitesterk som mogleg.

Maska er omlag 20 cm brei. Du får med ei lengde på ca 80 cm kvit strikk som du enkelt trer gjennom hempene på kvar side. Du slår ein knute på strikken der den passar, slik kan den regulerast til å passe fleire. Om strikken blir gammel og slapp kan du enkelt byte den ut med ein ny.

Revemaska er del av ein serie med dyremaskar eg lagar, hald utkikk etter rev, ugle, grevling, rådyr og drage også!

NB: Maska du får her er ikkje identisk med den på bildet. Eg har brukt same materialer og mønster, men fordi den er handlaga vil det kunne vere små variasjonar mellom dei enkelte varene.

Søkeord: rev, maske, utkledning, kostyme, karneval


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 741047 | lagt til: 19.10.2014

kr 250,-

Flere produkter fra Ulldyr