Sjøgrøn kval av ull

Denne kvalen er sydd av nytt ullstoff i ein djup, blågrøn nyanse. Buken er i turkis ullfilt frå ein gamal genser. Loffene er sydd av eit økologisk bomullsstoff som står perfekt til fargane på resten av kvalen.

Kvalen er fylt med vaska, karda ull og augo er broderte på for hand. Den måler omlag 23 cm frå snute til haletipp og er 10 cm høg. Sjølv om kvalen er eit havdyr er vel denne ikkje særleg glad i å bade, men den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel om det skulle vere behov for det.

Søkeord: hval, ulldyr, kosedyr, lekedyr


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 645381 | lagt til: 12.09.2013

kr 250,-

Flere produkter fra Ulldyr