Gråbrun harepus av gjenbruksull
Denne haren er sydd av gamle ullplagg som er vaska og tova i maskin. Haren er fylt med ull og ansiktet er brodert i ullgarn. Den måler 20 cm frå snute til haletipp og er omlag 12 cm høg utanom øyrene. Den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.
All ullfilt som er brukt i Blåbærleikene er laga av brukte ullplagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald. Ulla er vaska og karda, men pelsallergikarar bør vere merksame på at dei kan reagere.