Lilla stegosaur av gjenbruksull

Denne stegosauren er sydd av gamle ullplagg som er vaska og tova i maskin. Den er fylt med ull, og detaljane på ryggskjella er av eit bomullsstoff funne på brukthandelen. Ansiktet er brodert med bomullsgarn.

Dinosauren er omlag 27 cm frå snute til haletipp, og 18 cm høg. Den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.

All ullfilt som er brukt i Blåbærleikene er laga av brukte ullplagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald. Ulla er vaska og karda, men pelsallergikarar bør vere merksame på at dei kan reagere.

NB: Dinosauren som er til sals er ikkje identisk med den på bildet, men det er dei same stoffa som er brukt. Det vil vere litt andre nyansar og mønster på eit av stoffa på ryggskjella, men det er innanfor same fargaskala og mønsteret er tilnærma likt.


Kategorier:
Leker og HobbyKosedyr

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 60032 | lagt til: 03.08.2010

kr 250,-

Flere produkter fra Ulldyr