Lysebrun harepus av gjenbruksull

Denne harepusen er sydd av gamle ullplagg som er tova i maskin. Haren er fylt med ull og ansiktet er brodert i bomullsgarn. Den måler 20 cm frå snute til haletipp og er omlag 12 cm høg utanom øyrene. Den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.

Gjenbruksulla som er brukt i Blåbærleikene er laga av brukte plagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald.

Søkeord: ullkanin, ulldyr, kosedyr, lekedyr, kanin, påske


Kategorier:
Leker og HobbyKosedyr, PåskemarkedPåske

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 444367 | lagt til: 08.02.2012

kr 275,-

Flere produkter fra Ulldyr