Vognrangle - tre glade ugler

Tre kjekke ugler på ei snor.

Laga i nytt og gjenbrukt bomullsstoff. Uglene har tydelege auge som appellerer til dei aller minste, føter av satengband til å fikle med når barnet er litt eldre, og bjelle som lagar ein svak lyd for dei som har lært å riste. Uglene er fylte med vatt.

Vognrangla er kvalitetstesta av dottera mi, hennar vognrangle har vore elska og brukt i eitt år, og held seg like fin!

Uglene måler ca 8 cm i breidda og 13 cm i lengda. Snora er omtrent 50 cm, og kan festast over bøylen på MaxiCosi'en (og sikkert andre bilstolar). Lengda kortar du ned ved å knyte bandet, så det skal passe til dei fleste barnevogner.


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 437040 | lagt til: 01.02.2012

kr 250,-

Flere produkter fra Linnerla