Gåva til den som har alt: Signert bok

Signert eksemplar av boka 'Ei kråke i sorg, to kråker i glede' skriven av Gro Anita Meling (eigar av Miss Poe på Epla) og illustrert av Rob van Wilgen. Boka vert signert av både forfattar og illustratør. Ta kontakt dersom du ynskjer ei spesiell helsing i boka.

Full pris: 198 kr.
Tilbud: 149 kr

Boka kom ut i 2011 og er skriven på Nynorsk.
Format: Innbunden 16cmx16 cm
Antall sider: 32
ISBN: 9788282511520

Historia er inspirert av byrjinga av Paulo Coelho si bok 'By the River Piedra I Sat Down and Wept', samt kultfilmen The Crow.

'Ei kråke i sorg, to kråker i glede' er ei lyrisk forteljing som passar alle aldrar, alt frå 2-åringen, bestemor, onkel og venninder. Den er også ei vakker gave til brudeparet.

Forlaget sin omtale:
"Ei kråke i sorg, to kråker i glede" er ei forteljing om to einsame kråker som lever kvar sine liv. Vegane deira møtest og då tek handlinga ei ny vending...Historia kan bli lest av kven som helst, då den handsamar universelle tema som einsemd, håp og kjærleik. Den kan også bli brukt som ei terapeutisk forteljing i psykisk helsearbeid. Målgruppa for boka kan vere barn, føresette, ungdommar, lærarar, helsepersonell, psykologar m.fl. "Ei kråke i sorg, to kråker i glede" er det første samarbeidet mellom Gro Anita Meling og Rob van Wilgen.

Boka er tilgjengeleg hos mellom anna
www.bokklubben.no
www.haugenbok.no
http://www.blamannbok.no

For presseeksemplar, kontakt bokforlaget Publica direkte: post@publicabok.no


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 400783 | lagt til: 16.12.2011

kr 149,-