Leikemat av ullfilt - eple og pære

Kjenner du nokon som likar å leike kjøkken? Får du stadig servert usynleg mat og drikke av dine søte små? Då vil kanskje Blåbær sin leikemat av ullfilt slå an!

Eit eple og ei pære sydd av resirkulert ullfilt - gamle ullplagg vaska og tova i maskin. Frukten er fylt med karda, vaska ull og har detaljar brodert i bomullsgarn.

Pæra er omlag 12 cm høg, og eplet er ca 7 cm i diameter. Dei kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.


Kategorier:
Leker og HobbyLeketøy

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 16608 | lagt til: 19.02.2010

kr 120,-

Flere produkter fra Ulldyr