Pingvin av gjenbruksull

Blåbærpingvinen blei teikna på oppdrag frå ein kunde, og eg synest den vart såpass vellukka at eg ville lage fleire! Den er sydd av gamle ullplagg som er vaska og tova i maskin, og den er fylt med ull. Den står stødig på føttene sine, og er omlag 20 cm høg. Augene er broderte med bomullsgarn. Den kan vaskast forsiktig for hand.

All ullfilt som er brukt i Blåbærleikene er laga av brukte ullplagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald. Ulla er vaska og karda, men pelsallergikarar bør vere merksame på at dei kan reagere.

NB: Pga. at Posten har tillegg på kr. 22,- for A-post der ei av sidene er større enn 36 x 26 x 7 cm, ser eg meg nøydd til å auke fraktkostnaden til 49,-. Det er diverre billigaste måte å sende den på. Kjøper du to dyr vil normalt frakta kome på 89,- og det vil den også vere om du kjøper fleire dyr (opptil seks). Om frakta skulle vise seg å bli billigare enn det du har betalt refunderar eg sjølvsagt det overskytande beløpet.

Søkeord: ulldyr, lekedyr, kosedyr


Kategorier:
Leker og HobbyLeketøy

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 155450 | lagt til: 08.02.2011

kr 225,-

Flere produkter fra Ulldyr