Lysegrå harepus av gjenbruksull

Denne haren er sydd av ein gammel ullkjole som er vaska og tova i maskin. Den inneheld 80% saueull og 20% angorakaninull, kva er vel betre til å lage søte harepusar av?

Haren er fylt med ull og ansiktet er brodert i bomullsgarn. Den måler 20 cm frå snute til haletipp og er omlag 12 cm høg utanom øyrene. Den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.

All ullfilt som er brukt i Blåbærleikene er laga av brukte ullplagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald. Ulla er vaska og karda, men pelsallergikarar bør vere merksame på at dei kan reagere.

NB: Pga. at Posten har tillegg på kr. 22,- for A-post der ei av sidene er større enn 36 x 26 x 7 cm, ser eg meg nøydd til å auke fraktkostnaden til 49,-. Det er diverre billigaste måte å sende den på. Kjøper du to dyr vil normalt frakta kome på 89,- og det vil den også vere om du kjøper fleire dyr (opptil seks). Om frakta skulle vise seg å bli billigare enn det du har betalt refunderar eg sjølvsagt det overskytande beløpet.


Kategorier:
Leker og HobbyKosedyr, PåskemarkedPåske

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 125264 | lagt til: 10.12.2010

kr 250,-

Flere produkter fra Ulldyr